
Det overordna målet for Samarbeidsrådet for Sunnhordland for perioden 2018 – 2021
”Samarbeidsrådet skal vera den fremste aktøren og ein naturleg partnar for å skapa eit nytt kraftsenter på Vestlandet ”.
For at Samarbeidsrådet skal nå sine mål – er det viktig å danna strategiske alliansar med naboregionane, Bergens-regionen, Hardanger-regionen og Haugalands-regionen.
Dette arbeidet vert særleg viktig etter at Rogaland sa nei til å vera ein del av det nye fylket - Vestland.
Ny region - vestland
Hordaland og Sogn og Fjordane har vedteke at dei skal slå seg saman til eit nytt fylke - Vestland.
Det nye fylket skal tre i kraft 01.01.2020.
Alt om samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane kan du lese her