For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Marsteinen

Matfatet Sunnhordland

Garvikosen Bømlo (4).jpg Matkultur i Sunnhordland

Sunnhordland er ein av dei største produsentane av sjømat, med laks som spydspiss internasjonalt.

 

Regionen har ein stor fiskeflåte og fleire kystfiskarar som leverer eit utval av ulike råvarer. I tillegg har regionen eit landbruk som produserer kjøt, frukt, grønsaker og bær og i utmarka er det mykje vilt av ulike kategoriar.

 

Representantar frå 10 bedrifter utarbeidde i 2015 ein strategi og handlingsplan for ei klyngesatsing gjennom Matfatet Sunnhordland. Fleire av tiltaka er gjennomført, og gjennom ei mobilisering er det no ca. 30 bedrifter og enkeltpersonar knytt til denne satsinga.

For å formidla noko av alt det spennande som skjer i regionen vil me presenteta nokre av deltakarane i eigne reportasjar:

Janne Larsen, Larsen Bakeri i Skånevik

Elin Enes, Elins Matgleder i Uskedalen

Ingebjørg Habbestad Sandvik, PS Bryggekafé på Kråko i Fitjar

Anne og Mons Ove Hauge, Heimalaga - ektefølt mat i Austevoll

Opplev Bømlo, Bømlo

Skånevik Fjordhotel, Skånevik

Meling Gardsmat, Bømlo




framifrå grunnlag som matdestinasjon

Dei beste råvarene er på plass, det same er meisterkokkar og andre dugande kokkar. Mange av serveringsstadane serverer kortreist mat, og fleire av desse er i historiske omgjevnader

Dette gjev eit godt grunnlag for å utvikla Sunnhordland som ein spanande matdestinasjon.

 

Herifrå 2018

Matfatet Sunnhordland vil også i år vera ein viktig aktør for arrangementet "Herifrå".  Herifrå vart arrangert for første gong i 2017 og er ein øl og matfestival på Stord. I fjor deltok 35 mat og øl bedrifter frå regionen. I billedgalleriet kan du sjå bilete frå arrangementet.

 

Samarbeidsrådet arbeider med:

  • Mobilisera bedriftane i Sunnhordland til å sjå moglegheiter for produktutvikling ved å nytta lokale råvarer.
  • Formidla kunnskap om lokale råvarer og dei økonomiske og generelle konkurransefortrinna dette kan utgjera for bedriftene.
  • Formidle kompetanse.
  • Fremja bruk av lokale råvarer til å styrke konkurranseevna, nyskaping og utvikling.

 

10 bedrifter har gjennom ein prosess utarbeidd ein strategi og handlingsplan for ei klyngesatsing ”Matfatet Sunnhordland”.

 

Med i klynga er:

Marinaden AS, Bømlo

Lien Småbruk, Bømlo

Skaut Spiseri AS, Stord

Elins Matgleder, Kvinnherad         Les om bedrifta

Mykle Mikrobryggeri, Kvinnherad

Fitjar Sjø og Camping, Fitjar

Fitjar Gardsmat, Fitjar

Haaheim Gaard AS, Tysnes

Engesund Fiskeoppdrett og Visningssenter, Fitjar

Hjertehagen, Etne

Isrosa, Kvinnherad

PS Bryggekafe, Fitjar                   Les om bedrifta     

Myrdal Gard, Tysnes

Ola Dahl Andersen, Stord

Johs Lundal & Sønner, Etne

Nedre Økland gard, Sveio

Engevik Gard, Fitjar

Meling Gardsmat, Bømlo     Les om bedrifta

Bømlo Fiskemottak, Bømlo

Tveitakjerring, Tysnes

Sikje Småbruk, Bømlo

Bømmeløen Bryggerhus, Bømlo

Fitjar Sjø og Camping, Fitjar

Opplev Bømlo, Bømlo                Les om bedrifta

Skånevik Fjordhotel, Etne         Les om bedrifta

Fitjar Bær, Fitjar

Sunnhordland Havbruk, Sveio

Heimalaga, Austevoll                 Les om bedrifta

Larsen Bakeri, Skånevik            Les om bedrifta

En liten øl, Fitjar

 

Dei som er interessert i å vera med i det vidare arbeidet kan ta kontakt med Gro Jensen Gjerde.

 

 

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!