For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Berekraftig reisemål

I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at turismen skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.

Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar.

 




Berekraftig reisemål er ei merkeordning i regi av Innovasjon Norge.

I Januar 2019 starta Visit Sunnhordland arbeidet mot å verta sertifisert som Berekraftig reisemål, og fase 1 vart godkjent i juni 2019. Dette med støtte frå Hordaland fylkeskommune. 

Sunnhordland har no fått støtte til fase 2 frå Innovasjon Norge.

Prosjektleiar for fase 2 er Brynjar Stautland.   

 

I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at turismen skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.

Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar. Les mer om merket her.

 

Å reise til eit berekraftige reisemål skal sikra ei heilskapleg oppleving for dei som besøker regionen. Ved å velje eit berekraftig reisemål bidreg ein til å sikre den historiske og kulturelle arv, samtidig som ein støtter opp om lokalsamfunn, tradisjonar, natur og miljø.

 

For at Visit Sunnhordland skal nå målet om å verta sertifisert for Merket berekraftig reisemål er ein avhengig av god forankring og lokal involvering. Alle 8 kommunane har gjort vedtak om at dei ønskjer å delta i arbeidet. I tillegg har mange av reiselivsbedriftene teke del i prosessamling og har gitt si støtte til arbeidet. Dette arbeidet vil intensiverast i fase 2. 

 

MILJØSERTIFISERING

Samarbeidsrådet /Visit Sunnhordland vart i mai 2019 miljøsertifisert gjennom Miljøfyrtårn. Det vert no arbeidd for at alle kommuneadministrasjonane i regionen skal verta miljøsertifisert innan juni 2020. Denne prosessen vert leiar av Jon Eirik Kvalnes i Stord kommune.

Her kan du lese meir om Miljøfyrtårn

 

Kontaktperson

Brynjar Stautland - foto Sunnhordland museum.png
Brynjar Stautland
Prosjektleiar Geopark Sunnhordland

Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!