For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Personvernerklæring

Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS er eigar av tre nettsider. Dette er samarbeidsraadet-sunnhordland.no, buisunnhordland.no og visitsunnhordland.no. Samarbeidsrådet for Sunnhordland handsamar personopplysningar med respekt og varsemd og vil gjerne forklara korleis me handsamar den informasjonen me mottek om deg på internett.

 

Vanlegvis kan du besøke Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine heimesider utan å avsløra kven du er, eller gi opplysningar om deg sjølv. Våre web-servere registrerer kun domenenavnet, ikkje e-post-adressa, til dei som besøker sida. Denne informasjonen blir samla for å registrere antall besøk, gjennomsnittstida per besøk, kva sider som blir besøkt og liknande. Samarbeidsrådet for Sunnhordland bruker denne informasjonen til å analysere bruken av heimesida og betra kvaliteten på innhaldet.

 

I nokre tilfelle treng me opplysningar frå deg, for eksempel namn og adresse. Når me ber om denne type opplysningar, vil me prøve å fortelja deg kva me skal nytte dei til. Normalt vert personlege opplysningar kun nytta av oss sjølv til å svare på din direkte førespurnad, utføra ein ordre eller gi deg tilgang til spesielle konto-opplysningar.

 

Dersom du registrerer deg på nettet hos ein av Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine nettsider (Buisunnhordland.no, visitsunnhordland.no eller samarbeidsraadet-sunnhordland.no), kan eininga nytta opplysningane til å gi deg generell informasjon om Samarbeidsrådet. "Cookie"-teknologi kan nyttast for å gi deg skreddarsydd informasjon. Ein "cookie" er ei lita datafil som eit web-område kan sende til din webleser, og som kan lagrast på din harddisk slik at me kan kjenne deg igjen neste gang du går inn på sida vår. Du kan stille inn weblesaren din slik at den gir deg beskjed når du mottek en "cookie". Du kan også sperre for "cookies" dersom du ønsker det, sjølv om dette kan hindre oss i å identifisere deg.

 

Det kan førekome at me føretek undersøkingar på nettet for å forstå betre behova og profilane til våre besøkande. Når me utfører ei undersøking, vil me forsøke å fortelje deg korleis me skal nytta opplysningane.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine websider kan innehalde lenker til andre sider. Sjølv om me kun prøver å kople oss til områder som har same høge standard og respekt for personvern som oss, er me ikkje ansvarleg for innhaldet eller personvernet på andre sine websider.




Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!