Fellesnemnda for nye Vestland fylkeskommune ved arbeidsutvalet inviterer til ope dialogmøte 29 april kl. 17-ca kl. 20 på Stord vidaregåande skule, Saghaugen, konsertsalen.
Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike delar av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.
Agenda:
- Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling presenterer visjonane for den nye regionen.
- Orientering om korleis den nye fylkeskommunen vil bli organisert ved framtidig rådmann Rune Haugsdal.
- Vi vl få presentert fakta om utviklingstrekk i regionen og resultat av spørreundersøking om utfordringar.
- Frå lokalt hald kjem det innlegg med innspel om kva som er dei viktigaste tema for felles satsinger framover frå representantar frå kommunane, næringslivet, lag og organisasjonar.
- Viktigast er at alle kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for fylket (regional planstrategi 2020-2024).
Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde i det nye fylket.
Meir om dialogmøta og oppdateringar om nye Vestland fylkeskommune finn de på nettsida www.vlfk.no