For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Nasjonal status til Geopark Sunnhordland

Sunnhordland byr på ein svært variert geologi, grundig omtalt i ei lang rekke geologiske publikasjonar frå 1880-talet og fram til i dag. Vurderinga av muligheten for ein geopark i Sunnhordland vart bestilt av styret i Samarbeidsrådet for Sunnhordland som resultat av etableringa av Rosendal Steinpark og Steinriket Bømlo.

 

Eit område med status som geopark må kunna syna korleis dei geologiske føresetnadane har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetnad, industriutvikling, samferdsle og kultur.

I sunnhordland har me ei sterk industrihistorie, frå produksjon av grønsteinsreidskapar på Hespriholmen i Bømlo, til djupne nok i fjorden til å kunna samanstilla verdas største oljeplattformar. I dette spennet ligg historia om Sunnhordland.

 

Geoparkar skal koma innbyggjarane til gode ved å vera ein ressurs i småskala næringsutvikling, i undervisning og lokal identitetsbygging. Ikkje minst skal partane vera ein tilretteleggjar for reiselivsaktørar.

 

Bakgrunn for statusen er at det i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland er identifisert ei rekke geologiske stader som kan og bør formidlast, kulturinstitusjoner og reiselivsbedrifter som naturleg fell inn under begrepet geopark.

 

Gode samarbeidspartnarar har blant anna vore Moster Amfi, Rosendalstiftinga, Ølve bygdelag, bedrifter i VisitSunnhordland og Sunnhordland Museum.

Desse aktørane vert reisverket i Geopark Sunnhordland, men skal knyta til seg fleire andre aktørar som partnarar i parken.

 

Gjennom utvikling av Geopark Sunnhordland er det målsetjingar om:

  • Auka omsetnad innan bærekraftig reiseliv
  • Auka lokal kunnskap om landskapet me lever i
  • Auka omsetnad hos partnarar
  • Auka kunnskap om geologi-kultur-identitet
  • Bidra til folkehelse-ambisjonane

 

 


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!