
I Januar 2019 starta Visit Sunnhordland arbeidet mot å verta sertifisert som Bærekraftig reisemål, og me er no i sluttfasen av fase 1.
Bærekraftig reisemål er ei merkeordning i regi av Innovasjon Norge. Sunnhordland fekk i 2018 støtte til fase 1 frå Hordaland fylkeskommune og vil søkje Innovasjon Norge om støtte til fase II.
I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at turismen skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.
Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar. Les mer om merket her.
Å reise til berekraftige reisemål skal sikra ei heilskapleg oppleving for dei som besøker regionen. Ved å velje eit berekraftig reisemål bidreg ein til å sikre den historiske og kulturelle arv, samtidig som ein støtter opp om lokalsamfunn, tradisjonar, natur og miljø.
For at Visit Sunnhordland skal nå målet om å verta sertifisert for Merket bærekraftig reisemål er ein avhengig av god forankring og lokal involvering. Alle 8 kommunane har gjort vedtak om at dei ønskjer å delta i arbeidet. I tillegg har mange av reiselivsbedriftene teke del i prosessamling og har gitt si støtte til arbeidet. Dette arbeidet vil intensiverast i månadane som kjem, der Visit Sunnhordland vil reise ut i alle kommunane og ha møter med kommune og næring. Dette arbeidet vil skje i tett kontakt med dei reiselivsansvarlege i kommunane. Meir informasjon kjem når dato for møta er sett.