Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge
Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge

Om Bu i Sunnhordland

Bu i Sunnhordland er eit regionalt samarbeid med næringsliv og kommunar i Sunnhordland.

Me skal gi dei som er på leit etter sin første jobb eller ny jobb kunnskap om kvifor velje Sunnhordland. Målet er å byggje kunnskap kring lokalt arbeidsliv både innan privat og offtentleg sektor, og vise kva valmoglegheiter ein har i Sunnhordland. Dette gjeld både i forhold til arbeid, men også i forhold til fritidsmoglegheiter.

Omdømme- og rekrutteringsarbeidet starta med eit forprosjekt, og frå 2012 blei arbeidet ei fast satsing.

Det er viktig at ein heilt frå tidleg alder får kunnskap om kva moglegheiter ein har i Sunnhordland.

Ja takk, begge delar

Sunnhordland har eit mangfald av jobbar å tilby. Både innan det offentlege og det private er variasjonen og tilbodet stort.

Her kan du ha utfordrande og spennande arbeid, samtidig som du bur i trygge omgjevnader.
Du har kreative utfordringar i jobben, samstundes som naturen byr til friske aktivitietar på fritida.

Regionen har meir å by på enn eit aktivt arbeidsliv. Her er eit mangfald av tilbod innan kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar.

I Sunnhordland møtest høgteknologiske nyvinningar, vilt hav og stille fjellvidder, flott skjergard og grøderikt landbruksland. Du finn lune idyllar, blåfrosen isbre og mektige fossar og minnesmerke frå steinalder, jernalder, bronsealder og vikingtid.
Her finn du eit av landets mest særmerkte og varierte landskap.

Sunnhordland er alltid i endring. I brytninga mellom fjell og hav, mellom det tradisjonelle og det hypermoderne, finn du moglegheiter for å leva akkurat det livet du ønskjer!

To personar som står i eit kontorlokale. Personane smiler. Foto.
«Ein region i omstilling, med eit spennande næringsliv.
Me kan hjelpe å knytte nødvendig nettverk og bli kjend med regionen.»

Saman for Sunnhordland

Bu i Sunnhordland sin visjon er å samarbeida regionalt for å få innbyggjarar og meir arbeidskraft i Sunnhordland, ein verdsleiande region innan grøn omstilling og å bli ein synleg region blant unge og foreldre.

Hovudmålet er å formidle kompetanse og skape engasjement om kvifor velje Sunnhordland som bu- og arbeidsregion. 

Me spelar på lag med bedrifter og kommunane i Sunnhordland. Vil di bedrift vere med, så ta kontakt med prosjektleiar Nina J. H. Matre!

Her ser du våre samarbeidspartnarar:

Sunnhordland kraftlag AS
Bremnes Seashore AS
Helse Fonna HF
Salt Ship Design AS
Høgskulen på Vestlandet, HVL
Aker Solutions AS
Wärtsilä Norway AS
Hydrogen Solutions AS
Baker Hughes
SMV AS

Kommunane i Sunnhordland

Austevoll
Bømlo
Etne
Fitjar
Kvinnherad
Stord
Sveio
Tysnes

Kontakt oss

Nina J. H. Matre
Prosjektleiar
Bu i Sunnhordland
481 79 271