Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge
Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge

Geopark Sunnhordland

UNESCO Geopark Sunnhordland er basert på den usedvanleg rike geologien vår region, og er ein av 195 UNESCO geoparkar i verda.

Geoparken formidlar den rike geologien, kultur- og landskapshistoria – både til deg som gjest, og for dei som bur i regionen. Den skal gje oppveksande slekter innsikt i korleis kontinent har endra seg, korleis landskapet har oppstått og korleis berggrunnen har prega kulturen i Sunnhordland gjennom 11000 år. Geoparken skal også bidra til berekraftig forvalting av den verdfulle naturarven i vår region, både når det gjeld geologi, biodiversitet og kultur.

Geopark Sunnhordland skal også styrke identiteten og kunnskapen for dei som bur i regionen, samt bidra til auka omsetjing i reiselivsnæringa.

Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske senter, Folgefonnsenteret og Sunnhordland Museum er besøkssentra. Moster Amfi er hovudportal og kontorstad. Moster Amfi er bygd i ei marmorgruve og hyser kafe og møtelokaler, fleire utstillingar m.a. ei bergverksutstilling inne i fjellet.

Stor stein med skilt på, utsikt over fjord og kystlandskap, skyer i horisonten. Foto.

Oppdag lokalitetane i Geopark Sunnhordland

Siggjo er eit ikonisk fjell i Sunnhordland, og ein av lokalitetane i geoparken. På nettsida til Geopark Sunnhordland finn du alle – lat deg bli inspirert!

Geoparken sine partnarar

Visit Sunnhordland, Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter AS, Sunnhordland Museum, Folgefonnsenteret, Bekkjarvik Gjestgiveri, Stord Hotel, Åkrafjorden Oppleving, Gullvegen gardstun, Venelaget for Gruo, Bømlo Teater, Moster 2024, Sikje Småbruk og Birdlife Sunnhordland.

Bakgrunnen for Geopark Sunnhordland

Vurderinga av moglegheita for ein geopark i Sunnhordland vart bestilt av styret i Samarbeidsrådet i Sunnhordland i 2015.

Sunnhordland er kjent som eit område med svært interessant historie knytt til geologi og kultur basert på bergverksdrift. Sunnhordland sin geologi og bergverksdrift er omtalt i ei imponerande mengde geologiske publikasjonar frå 1880-talet og fram til i dag.

Den norske steinalder-arkeologien starta i Sokkamyro sør på Bømlo i 1900. Før dette har menneska i Sunnhordland funne nytte i oppsiktsvekkande mange bergarter og metall i regionen. I tillegg er istidene si forming av landskap svært godt presentert i Sunnhordland, spesielt på sørsida av fjorden.

UNESCO-status

I ein workshop på Bømlo våren 2017 vart det laga ei profesjonsutsegn som konkluderte med at ein burde prøve ein søknad til UNESCO Global Geoparks Network, då ein rekna eit slikt kvalitetsmerke som eit særs godt redskap for ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa i Sunnhordland.
Arbeidet med UNESCO-søknaden starta i tett samarbeid med Institutt for geovitenskap ved UiB, Universitetsmuseet i Bergen og Norges Geologiske Undersøkelser. Den omfattande søknaden blei levert i november 2021. Geopark Sunnhordland blei etablert i oktober 2021. Søknaden blei innstilt til godkjenning av UNESCO Global Geoparks Council i desember 2022. Geoparken fekk status som UNESCO Global Geopark i mai 2023.

60 lokalitetar blei presenterte i UNESCO-søknaden, samt gode råd for mat & rom i nærleiken.

Ryvarden, Espevær, Kattnakken, Fitjarøyane, Årbakka og Baroniet Rosendal er blant lokalitetane i Geopark Sunnhordland.

Sunnhordland UNESCO Global Geopark

«Geopark Sunnhordland med UNESCO-status er ein solid og positiv regionsmarkør. Den skal bli eit redskap for reiselivet og gje oppveksande slekter innsikt i korleis landskap har oppstått og korleis berggrunnen har prega kulturen vår. Gjennom kunnskap aukar respekten for naturen me lever i og av.»

Brynjar Stautland, dagleg leiar i Geopark Sunnhordland

Bedriftslogoar. Geopark Sunnhordand og Unesco. Illustrasjon.
Person som sit på fjelltopp og ser utover fjord- og fjellandskap.

Norsk status til Geopark Sunnhordland

Våren 2018 blei det sendt søknad om opptak i nettverket Norske Geoparker. I slutten av oktober 2018 fekk Samarbeidsrådet for Sunnhordland melding om at Geopark Sunnhordland har fått norsk status.

Målet er å:
• Auka omsetnaden innan berekraftig reiseliv
• Auka lokal kunnskap om landskapet me lever i
• Auka kunnskapen om geologi, kultur og identitet
• Bidra til folkehelse-ambisjonane

Fjell som omkransar vatn. Ein veg er synleg. Bilde.

Styre og organisering

Geopark Sunnhordland er eit aksjeselskap som er 100% eigd av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Styret er samansett slik:

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Leiar og ordførar i Etne kommune
Magne Rommetveit
Nestleiar og repr for Vlfk
Liv Kari Eskeland
Stortingspolitikar
John Inge Svendsen
Prof. geologi v/UiB
Bård Gram Økland
Arkeolog v/Bergen Sjøfartsmuseum
Stina Nordbak
Konst. kommunalsjef Austevoll kommune
Torstein Hatlevik
Hotelleigar og gründer
Brynjar Stautland
Dagleg leiar

Kontakt oss

Brynjar Stautland
Dagleg leiar
Geopark Sunnhordland
959 25 054
Anouk-Letizia Firle
Geolog
Geopark Sunnhordland
406 42 877