For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Viktig at ferjefri kyststamveg vert realisert

  1. Ferjefri kyststamveg E39 vil bety svært mykje for utviklinga av næringsliv og busetnad på Vestlandet, og er eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Fastsambandet Hordfast må difor på plass snarast råd, og må prioriterast med midlar i NTP planperioden 2018-2023, parallelt med Rogfast. 
  2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at realisering av ferjefri kyststamveg er viktigare enn val av kryssing over Langenuen. Samarbeidsrådet ser likevel at det er svært små skilnader mellom alternativ B (midtre) og alternativ F (sørlege) i høve til pris og ikkje prissette konsekvensar.
  3. Det er uheldig at planen i liten grad syner konsekvens og moglegheiter for dei kommunane som ligg utanom planområdet. Det er synt at ei tilkopling til Austevoll, i første rekkje eit avkorta ferjesamband, vil auka samfunnsnytten monaleg.  Departementet bør etter vår meining og regulera inn tilkomstveg/punkt for trafikk frå Kvinnherad i form av nytt ferjeleie nærast mogleg E39.
  4. Samarbeidsrådet for Sunnhordland er uroa over at tilrådinga frå Statens vegvesen kan tolkast som om at utbygging av strekninga Heiane-Ådland/ Nordre Tveita skal inngå i siste utbyggingsetappe Ådland-Mehammer. Samarbeidsrådet meiner det må utarbeidast reguleringsplan for strekninga Heiane-Ådland/Nordre Tveita så snart Kommunal- og moderniseringsdepartementet har handsama kommunedelplanen, med sikte på tidlegast mogeleg anleggsstart.
  5. Samarbeidsrådet føreset at det vert lagt til grunn ein sams standard for den nye E39 og at denne skal leggjast til grunn for alle delløysingane av traseen. 
  6. Kommunedelplanen er gjennomført som statleg regulering. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner staten òg bør stå for detaljregulering av prosjektet, men ber om at det i så stor grad som mogleg vert teke omsyn til lokale partar som blir berørt av prosjektet.

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!