For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Ferjesambandet Kvinnherad-Stord er svært viktig for bedriftene!

Regionen Sunnhordland deltek i Byregionprogrammet med prosjektet ”Byen og regionsenteret Stord - lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland!

 

Infrastruktur er eit sentralt temaområde i diskusjonen kring kva som skaper regional vekst, og er kanskje den enkeltfaktoren som kan ha størst innverknad på folketalsutvikling og sysselsetjing i dei fleste kommunane. Sunnhordland har med sitt øy- og fjordlandskap store utfordringar når det gjeld infrastruktur og kommunikasjonar, både når det gjeld vegnett og vegstandard på land og sjøtransport med ferje og hurtigbåtsamband.

 

Ferjesambandet Kvinnherad-Stord har frå ferjeleie vart lagt ned på Leirvik kai i 2003, hatt Skjersholmane som midlertidig plassering.

Sidan 2008 har kommunane arbeidd med å finna ny lokalisering for å korta ned sambandet og fleire alternativ har vore utgreidd, utan at ein har kome til ei avgjersle.

 

Er sambandet Kvinnherad – Stord ein flaskehals for sterkare regional integrasjon av arbeidsmarknaden, noko som i neste omgang kan medverka til at ein ikkje får full effekt av det vekstpotensialet som regionen har?

 

Med bakgrunn i dette spørsmålet har Samarbeidsrådet for Sunnhordland i samarbeid med Stord Næringsråd og Kvinnherad Næringsservice gjennomført ei undersøking blant næringsliv og offentlege institusjonar for sjå om det er behov og ynskje for å få på plass eit nytt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord.

 

Konklusjonar:

  • Ferjesambandet Kvinnherad-Stord er svært viktig for bedriftene.
  • Sambandet hadde vore endå viktigare for bedriftene om overfartstida hadde vore kortare anten i form av raskare ferjer og/eller kortare avstand mellom ferjeleiene.
  • Ferjesambandet Kvinnherad-Stord fungerer ikkje som samband for å skapa felles bu- og arbeidsmarknad i Sunnhordlandsregionen. Det er eit stort potensiale for større samhandling mellom bedrifter/det offentlege i Sunnhordland ved nedkorting av reisetida i sambandet.
  • Bedriftene taper pengar på lang overfartstid . Dokumentert frå 300 000 – til 5 mill kroner pr. år.
  • Stord som regionsenter må ta ansvar for at ein finn ei god løysing.
  • Kvinnherad må få ei god tilknyting til E39.

Heile rapporten kan du lese her


Nettside fra Digitalbyrået Arego