Framsida

Høyring planprogram

Klikk på bilete for full storleik
 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har vedteke å starta arbeidet med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Planarbeidet omfattar kommunane  Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa.
 

Samarbeidsrådet godkjende i møte 8.desember 2011 å senda planprogrammet ut på høyring med uttalefrist 15.februar 2012 samstundes som det vert varsla oppstart av planarbeidet. Forslag til planprogram med forslag til konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova, kapittel 4.  Planområdet omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen  og 50m ut i sjø frå strandlina.

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova.

Planen skal innehalda dei tema/ føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona. Følgjande tema skal vurderast:

§   Friluftsområde, regionale og lokale               

§   Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar

§   Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde 

§   Kulturminneområde, kystkultur m.m.

§   Område for næringsutvikling, hamneanlegg,

   reiselivsanlegg                       

§   Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust

§   Bustadområde og område for fritidsbustader

§   Fortettingsområde

Som del av planarbeidet skal det utarbeidast felles føresegner for bygging av brygger, naust, rorbuer, spreitt utbygging, m.m. i strandsona og elles andre føresegner med retningsliner som gjeld bruk og forvaltning av strandsona. I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera einskildtiltak som brygger, naust, hytter og bustader og liknande plassert i strandsona.  Slike einskildsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar.

 

Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona. Kvart kommunestyre i dei deltakande kommunar skal treffa endeleg vedtak for sitt område.

 

Forslaget til planprogram er lagt ut på Samarbeidsrådet si internettside www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no og dei deltakande kommunane sine internettsider. Forslaget til program er og lagt ut på samarbeidsrådet sitt kontor og i kommunane sine kundetorg.

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf.  53 45 67 90 eller til prosjektleiar tlf. 91 00 16 43, eller til følgjande kontaktpersonar i kommunane:

Austevoll, tlf. 55 08 10 00, Bjørn Wefring

Bømlo, tlf. 53 42 30 00, Toralf Meling

Etne, tlf. 53 75 80 00, Erik Kvalheim/ Grete Kathrine Jacobsen

Fitjar, tlf. 53 45 85 00, Ingunn Varanes,

Kvinnherad, tlf. 53 48 31 00, Kjartan Thoresen,

Stord, tlf. 53 49 66 00, Ove Kvalnes

Sveio, tlf. 53 74 80 00, Åse Aleheim

Tysnes, tlf. 5343 7010, Asle Bernt Rekve

Fusa, tlf. 56 58 01 00, Inge Kaldestad,

 

Eventuelle merknader kan sendast innan 15. februar 2012 til Samarbeidsrådet i Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord, eller pr e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no.

 
 
Planprogram interkommunal strandsoneplan - høyring
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
26.04.2012
Lokalmatsatsing i vest
Fylkesmannen satsar sterkt på profilering av lokalmat og sett no fokus på produsentane og deira moglegheiter i ein stadig veksande marknad. 
Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Innovasjon Norge, Kompetansenavet Vest og Samarbeidsrådet for Sunnhordland inviterar til samling på Håheim Gard torsdag 24. mai 2012.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS