|
|
Strandsoneprosjektet i Sunnhordland |  | | Kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete og ordførar i Kvinnherad Synnøve Solbakken under besøket 12 november 2010 |
| | | Hausten 2008 utarbeidde Samarbeidsrådet for Sunnhordland ”Strandsonestrategi for Sunnhordland”. Denne vart vedteken i alle kommunane i desember 2008.
Med bakgrunn i vedteke strategi har Samarbeidsrådet gjennomført ein forstudie 'Differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland'. | | | Gjennom dette arbeidet har ein hatt fokus på kartlegging av strandsona. Det er gjennomført kartlegging av dagens plan- og arealstatus i heile 100-meters beltet, samt vurderingar for framtidig forvaltning gjennom kartlegging av funksjonell strandsone i eksempelområder i kommunane. I tillegg er det gjort vurderingar knytt til forvaltning og styringsverktøy for kommunal planlegging i strandsona. | | | Det er utarbeidd eigne rapportar frå kvar kommune (ligg vedlagt). | | | Kommunane i Sunnhordland ynskjer å verna om strandsona, men ynskjer samstundes å nytta delar av den som eit viktig aktivum for næring, busetnad og fritid. Ved å gå saman om planar og reglar for forvaltning av strandsona forventar kommunane at ein kan få til større samanhengande friområde, levekraftige lokalsamfunn, vern om særlege områder gjennom fokus på kva ein skal ta vare på – og kva områder som kan byggast ut. | | | I august 2010 fekk Samarbeidsrådet for Sunnhordland pilotstatus i høve til differensiert forvaltning av strandsona etter den nye Plan og bygningslova. I dette ligg det: | | | - At regionen utarbeider Interkommunal plan for forvaltning av strandsona i Sunnhordland
- At der ein i arbeidet utfordrar gjeldande lovverk får ein open dialog med Kommunal - og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet for å finna dei gode løysingane.
- At regionen får testa ut differensiert forvaltning etter planen over 4- 5 år.
- At arbeidet vert evaluert, gjerne gjennom følgjeforsking.
Rapport frå forstudien'Differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland' ligg vedlagt. | | | | | | | |
| |
Kontakt oss | Tlf: | | 53 45 67 90 | | | | Postboks: | | 444 | | Poststad: | | 5403 Stord | | Kontoradresse: | | Borggata 57 | | E-post: | | firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no |
|
| |
| | | | Siste nyhende 19.01.2012 | VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart | | Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert i Stuttgart i dagane 14.-15. januar. | | Les meir | |
|
| | Nyhetsbrev | Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre. |
|
|
|
| Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS |