|
|
Samferdsel | | | | Arbeidet med å betra samferdselsløysingane internt i regionen og mot omverda er eit langsiktig og krevjande arbeid. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har så langt vore ein aktiv pådrivar for å sikra felles regionale prioriteringar innanfor denne sektoren, noko som har resultert i realisering av fleire, store og små prosjekt. I perioden som kjem vil det bli lagt vekt på å utvikle gode samarbeidsprosjekt med fylkeskommunen, naboregionane og næringslivet for å gjera det meir sannsynleg at samferdselsprosjekt i vår region vinn fram i dei nasjonale prioriteringane. | | | Hovudmål for samferdsla i Sunnhordland - Vidareutvikla Sunnhordland som ein robust region med gode miljøkvalitetar og gode levevilkår
- Styrkja sysselsetjingsgrunnlaget i regionen ved å betra konkurransevilkåra for næringslivet gjennom betre kontakt mot viktige interne og eksterne marknadsområde
- Knyta regionen tettare til Bergen som fylkes- og landsdelssenter, og til dei to vestlandsbyane Haugesund og Stavanger
- Utvikla Stord som region- og kommunikasjonssenter
- Gje sterkare samanknyting av regionen for å få betre utnytting av regionen sitt samla ressursgrunnlag
- Utvikla Sunnhordland som eit felles bu-, service- og arbeidsmarknadsområde
- Vidareutvikla eit tenleg transporttilbod for alle trafikkgrupper gjennom tilrettelegging av eit kollektivt transporttilbod, særleg mot viktige lokale og regionale tilbod
- Samordna transport- og arealpolitikken for redusert transportbehov og effektiv trafikkavvikling
- Leggja til rette for trygge trafikktilhøve med god og sikker framkomst for alle trafikantgrupper
| | | I tilknyting til samferdselsanalysen vart det utarbeidd ein kortversjon av planen. Denne kan de lasta ned fra denne sida. | | | | | | | | | | |
| |
Kontakt oss | Tlf: | | 53 45 67 90 | | | | Postboks: | | 444 | | Poststad: | | 5403 Stord | | Kontoradresse: | | Borggata 57 | | E-post: | | firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no |
|
| |
| | | | Siste nyhende 19.01.2012 | VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart | | Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert i Stuttgart i dagane 14.-15. januar. | | Les meir | |
|
| | Nyhetsbrev | Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre. |
|
|
|
| Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS |