Framsida

Ny reiselivsansvarleg

Klikk på bilete for full storleik
Linn Therese Vinje
 
Samarbeidsrådet har tilsett Linn Therese Vinje (25) i vikariat stillinga som reiselivsansvarleg.
 

Reiselivsansvarleg i Samarbeidsrådet for Sunnhordland Gro R. Andersen skal ha utdanningspermisjon frå stillinga som reiselivsansvarleg i eitt år. Linn Therese Vinje er tilsett i vikariatet og starta arbeidet 9. august.

Vinje har utdanninga si frå Norsk reiselivshøgskule i Oslo, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Stavanger, der ho har teke Master i Internasjonal Hotell og Reiselivsleiing.

 

Linn Therese Vinje er 25 år og kjem opprinneleg frå Moss, men har dei siste tre åra budd på Vestlandet der ho har studert.

 

I studieperioden har ho blant anna arbeidd hos Rødne Fjordcruise, Region Stavanger og på Hotell Vesterland Ferie og Fritidspark i Sogndal.

 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
19.01.2012
VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart
Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert  i Stuttgart i dagane 14.-15. januar.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS