Framsida

Ny sykkelbrosjyre

Klikk på bilete for full storleik
 
Sykkelbrosjyren ”Sykkelturar i Sunnhordland” er no klar!  I tillegg til fleire dagars ruter og pakketurar, har ein i høve prosjektet ”Sykkelturisme i Sunnhordland” laga fleire lokale rundturar.
 

Rundturane er tilrettelagt for både turistar og lokalbefolkninga, og eit mål er at turistar som besøkjer området får fleire aktivitetar og velje mellom og dermed ynskjer å feriere lengre på same staden.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har i samarbeid med kommunane Fitjar, Stord og Sveio utarbeida ni nye sykkelruter i nemnde kommunar. Desse rutene er kortare rundturar som har start og stopp på same stad. Løypene er frå 4 til 50 km lange og passar fint som dagsturar. Rutene er GPS festa og ligg ute på nettstaden www.visitsunnhordland.no med ruteskildring, kart og bilete. Her kan ein og laste ned ruta til eigen GPS. Målet er å få til slike rundturar i alle kommunane i Sunnhordland.

 

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet v/ Kristina Bergesen tlf. 

53 45 67 91 / 930 91 542.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
19.01.2012
VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart
Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert  i Stuttgart i dagane 14.-15. januar.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS