Framsida

Omorganisering av familievernkontor

Klikk på bilete for full storleik
 
Samarbeidsrådet er gjort kjent med planane i BUF etaten vedr. omorganisering av Familievernkontora, der kontoret på Stord vert lagt til Haugesund, og Kvinnherad til Odda. Samarbeidsrådet vil sterkt rå i frå ei slik nedlegging.
 

Samarbeidsrådet skriv i brevet til Barne, ungdoms og familieetaten (BUF) at oppgåvene til famileivernkontora er av ein slik art at dei må ha nærleik til brukarane og til dei aktørane kontora skal samarbeida med.

 

Avstanden til familiekontora er viktige. Kvinnerad er ein langstrakt kommune der mange er avhengige av ferje og lang køyreveg for å koma til kommunesenteret. Skal kontora flyttast til Haugesund og Odda vert mange i realiteten utan tilbod. Det er i denne samanhengen også viktig å sjå på avstanden til Stord frå dei andre kommunane - ikkje berre avstanden mellom Stord og Haugesund.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil på det sterkaste rå til at kontora på Stord og Kvinnherad vert oppretthalde.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@ samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Siste nyhende
09.08.2010
Ny reiselivsansvarleg
Samarbeidsrådet har tilsett Linn Therese Vinje (25) i vikariat stillinga som reiselivsansvarleg.
Les meir
02.08.2010
Regionalt næringsfond
Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond. Neste søknadsfrist er sett til 1. november.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS