Framsida

Ledig stilling som reiselivsansvarleg

Klikk på bilete for full storleik
 
Samarbeidsrådet har sidan 2003/04 vore ansvarleg for reiselivssatsinga i Sunnhordland. Reiselivsansvarleg skal ha utdanningspermisjon frå august 2010, og me søkjer difor etter reiselivsansvarleg i 100 % stilling for eit år, med moglegheit for forlenging.
 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. I tillegg er kommunane Fusa, Haugesund og Vindafjord observatørar. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har 4 fast tilsette og har kontor på Leirvik, Stord.

 

Samarbeidsrådet har sidan 2003/04 vore ansvarleg for reiselivssatsinga i Sunnhordland. Reiselivsansvarleg skal ha utdanningspermisjon frå august 2010, og me søkjer difor etter

reiselivsansvarleg i 100 % stilling (vikariat), for eit år,

men med moglegheit for forlenging

Arbeidsoppgåver:

Følgja opp handlingsdelen i Reiselivsstrategi for Sunnhordland 2010 -15.

Blant anna:

·         Marknadsføra Sunnhordland – oppfølging av marknadsplan

·         Følgja opp prosjekta som er i gong og initiera nye

·         Samarbeida med reiselivsaktørane i Sunnhordland

·         Samarbeid med andre destinasjonsselskap, Fjord Norge og Hordaland fylkeskommune

Aktuell bakgrunn:

Me søkjer etter en kontaktskapande og serviceinnstilt person med høgare reiselivsfagleg utdanning. Gode kommunikasjonsevne skriftleg og munnleg, kunnskap innan økonomi og data er viktig. Det er ønskeleg med erfaring frå reiselivsarbeid i privat eller offentleg regi.

Me kan tilby:

·         Eit godt arbeidsmiljø, interessante arbeidsoppgåver og moglegheiter for fagleg utvikling

·         God pensjons- og forsikringsordning

·         Løn etter avtale

For nærare informasjon kontakt Gro Jensen Gjerde,  tlf: 53 45 67 90, mob: 900 891 50
 

Søknadsfrist: 18. juni 2010

Søknad kan sendast til epost firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no eller postboks 444, 5403 Stord

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@ samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Siste nyhende
09.08.2010
Ny reiselivsansvarleg
Samarbeidsrådet har tilsett Linn Therese Vinje (25) i vikariat stillinga som reiselivsansvarleg.
Les meir
02.08.2010
Regionalt næringsfond
Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond. Neste søknadsfrist er sett til 1. november.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS