Framsida

REISELIVSPLAN FOR SUNNHORDLAND - høyring

Klikk på bilete for full storleik
 
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har teke initiativ til utarbeiding av heilskapleg reiselivsstrategi for Sunnhordland. Planen skal gjelde for perioden 2010-2015 og skal gje retning for offentleg innsats såvel som for næringa sine prioriteringar. 
 

Det vart hausten 2009 gjennomført møter der ca 100 personar engasjerte seg i arbeidet.

 

Hovudstrategien for utvikling av reiselivet i Sunnhordland 2010-15 er å styrkje og spisse totalproduktet ved å utvikle produkt og konsept rundt tema der områder har føresetnader for å ta ein sterk posisjon i Fjord Norge. Prioriterte tema er: sykkel, vandring, kulturopplevingar, båtturisme, fiske og padling. Delstrategiar er felles marknadsføring, kompetanseutvikling og meir effektiv gjennomføring av fellesoppgåver.

 

Planen har ein eigen handlingsdel med tiltak for 2010. Samarbeidsrådet har hovudansvar for oppfølging av planen.

 

Planen er no ute på høyring med høyringsfrist 1.mai 2010.

 

Planen kan lastast ned frå Samarbeidsrådet sine nettsider.

 
 
Reiselivsplan for Sunnhordland
Kortversjon - reiselivsplan for Sunnhordland
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
19.01.2012
VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart
Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert  i Stuttgart i dagane 14.-15. januar.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS