Framsida

Ferjefri stamveg skal greiast ut

Klikk på bilete for full storleik
 

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil i nær framtid offentleggjera at ho kjem til be om at det vert utarbeidd ein KVU på strekninga Aksdal – Bergen.
 

Det er mange som uttalar seg om ferjefri veg mellom Stord og Bergen. Det er likevel ikkje berre uttalar og møte som kan få oss vidare i denne saka. No må utgreiinga starta slik at ein kan ha nødvendig grunnlag ved rullering av NTP i 2013.

 

Torsdag 4. februar var Samarbeidsrådet for Sunnhordland i Oslo. Som ein del av opplegget møtte leiar i Samarbeidsrådet og ordførar i Bømlo, Inge Reidar Kallevåg, ordførar i Fusa, Hans Vindenes og ordførar i Tysnes, Helge Hauge samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard. Føremålet var å be om at departementet kom i gong med KVU for strekninga.

 

Tilbakemeldinga frå statsråden var positiv. Ferjefri veg mellom Stord og Bergen har høg prioritet. Difor kjem det i nær framtid til å verta offentleggjort at statsråden vil bestilla frå Vegdirektoratet ein KVU for strekninga. Målet er å ha eit grunnlag til å vurdera prosjektet ved rullering av NTP i 2013.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
19.01.2012
VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart
Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert  i Stuttgart i dagane 14.-15. januar.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS