Framsida

Etne kommune

Stordalen
 

Etne kommune ligg sør i Hordaland og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda kommunar; dei tre sistnemnte ligg i Rogaland. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. Rundt halvparten av desse bur ved tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Mellom stupbratte fjell skjer den omlag 3 mil lange Åkrafjorden seg inn i landet til fleire smågrender. Grøderikt jordbruksland er kransa av fjell, fjordar og eit idyllisk øyrike.

 

Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Hordaland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar.

Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

 

Pr. 01.01.2010 var det 3882 innbyggjarar i Etne.

Areal: 708 km2.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Kontakt oss
Tlf:
53 45 67 90
Postboks:
444
Poststad:
5403 Stord
Kontoradresse:
Borggata 57
E-post:
firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
Andre nyhende
Siste nyhende
19.01.2012
VisitSunnhordland på vandremesse i Stuttgart
Visit Sunnhordland var på plass då den årlege vandremessa ”Fahrrad & erlebnisreisen” vart arrangert  i Stuttgart i dagane 14.-15. januar.
Les meir
Nyhetsbrev
Ved å leggja i e-post adressa i vår database, vil du få tilsendt ei melding frå oss kvar gong me legg ut nyhende på nettsidene våre.



 
Dynamiske websider: iDrift AS Grafisk design: iBox AS