For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Foto: Bjørn Østrem

Velkomen!

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
64578 Innbyggarar
2 860 KM² Samla areal
50% Fjellområder over 300 moh
8 Kommunar

Våre prosjekt

Me er framoverlente!

front.article.picture.png

Samarbeidsrådet er ein sentral regional utviklingsaktør som skal driva aktiv påverknad for å sikra regionen og den einskilde kommune sine interesser i regionale og nasjonale spørsmål.

 

Vår visjon "Me er framoverlente" skal synleggjera at Sunnhordland er ein sterk og framtidsretta region, som det er interessant å arbeida, ta utdanning og busetja seg i.

Foto: Ranveig M. Nesse

Nyhende

  • 23 mai
    2016

    Uttale til NTP

    Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gitt uttale til grunnlagsdokumentet til Nasjonal Transportplan. Dei viktigaste prosjekta for Sunnhordland er E39, E134 med arm til Bergen og fiskerihamn på Bømlo.

  • 29 feb.
    2016

    Regionalt etablerarfond

    Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke ei vidareføring av dei regionale etablerarfonda. I Sunnhordland er det Samarbeidsrådet som er forvaltar.

     

    Fylkesutvalet har gjort følgjande vedtak om fordeling av fonda for 2016:

     

    Bergensregionen      kr. 2 624 000

    Sunnhordland           kr.    792 000

    Hardanger                 kr.    584 000

     

    For meir informasjon om korleis ein søkjer og kva ein kan søkje til, finn ein her.

  • 04 feb.
    2016

    Samarbeidsrådet til Oslo 9 og 10 februar

    Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal til Oslo 9. og 10. februar for å møta ulike departement, Asker kommune og stortingsrepresentantar frå Hordaland, for å fremja regionale saker.

Nettside fra Digitalbyrået Arego